Kaninbyen av Aril ReinKaninbyen av Arild Rein er bok tredje boken i Arild Reins Stavangertrilogi. Boka handlar om den tidligare politimannen Jonny Roxmann som vil tene seg nokre lettvinte kroner under Gladmatfestivalen ved å selje bakte poteter. Jonny er frekk i munnen og veldig egoistisk med ingen tankar for andre enn seg sjølv. Jonny møter Kim som han fall for med første augekast, men det viser seg at Kim skjular ein stor løyndom.
Med det fyste eg såg boka ”kaninbyen” av Arild Rein tenkte eg ”interessant”. Dette var ein tittel som fekk meg til å undra kva ein kunne skriva om under ein slik tittel som ”Kaninbyen”. Eg var ikkje positivt innstilt til boka og då eg les ble det ikkje betre. Boka var full av unødvendig banning, med eit gjennomsnitt på 6 banneord på kvar sida. Banneord kan godt brukas til å framheve eit poeng, men blei det berre eit irritasjonsmoment i boka. Dette kunne godt ha noko med at forfattaren ville framheve at Jonny Roxmann er ein dårlig og små kriminell mann, men det fekk berre boka til å få eit dårleg språk. Banneorda fekk det til å verkje som han hadde eit dårleg ordforråd. Det var berre det same banneordet som gjekk igjen gjennom heile boka.
Sjølv om eg er litt negativ til boka så var handlinga ganske god, men den var overdriven strekt ut. Det blei berre små ting og inga høgdepunkt på ei lang tid. Midt i boka var det berre gjentak og småprat. Når høgdepunktet gladmatfestivalen endelig kjem gjekk det akkurat som forventa. Noko som skuffar meg veldig.
Miljøskildringane i boka var gode, det var kjekt å les om ein kjent plass. Då blei det lettare å sjå for seg omgivnadane.
Temaet i boka verkja ikkje veldig klart for meg. Det var det heller ikkje i slutten av boka. Nå som eg sit her å prøver å tenkja kva som kan vara temaet er det eit par ting som kjem opp. Det er at han prøver å skildra Stavangers underverd, eller at han vil ha frem at Noreg har forandra seg for mykje som biverknad til all rikdommane frå olja. Frå tøffe vikingar, til små redde ”kaninar” på kvar sin haug. Eg trur boka hadde vert betre viss det ikkje hadde vært så stor bruk av banneord. Hadde boka vært kortare hadde ikkje handlinga vært så tynn. Boka var grei, men det er ikkje ei bok eg hadde anbefalt vidare.